Openheitserklæring frå Hørselshemmedes Landsforbund Ungdom (HLFU) sin generalforsamling 2018:

Vi er bra nok!

Mange unge hørselshemma opplever at det er vanskeleg å delta i sosiale samanhengar på skulen og i arbeidslivet. Desse utfordringane skyldas ikkje at dei andre ikkje vil ha noko med dei å gjere, men fordi ungdommars tilnærmingsmåte ofte er prega av nervøsitet og lite sjølvtillit.

HLFU ynskjer større openheit rundt identitetsutfordringar som hørselshemma ungdommar opplever. HLFU er ein organisasjon samansett av medlemmer med ulik bakgrunn, ulike erfaringar og ulike utfordringar. Våre erfaringar, meiningar og utfordringar er likestilt alle andre i vårt samfunn. Til tross for vår funksjonsnedsettelse er hørselshemma ungdom ein viktig ressurs, og vi er nødvendige!

Vi veit at vi er bra nok. Vi er ein ressurs for det norske samfunn. Lytt til oss!